Vondskap

Kan ein person vera vond? Me treng å utvikla språk for vondskapen.

Rettsaka mot Anders Behring Breivik skakar oss og det av fleire grunnar. Først og fremst fordi den tiltala er den som i fredstid et sikta for flest drap i Noreg. Kven han drap og måten han gjorde det på er med på å understreka det grufulle i handlinga. Angrepet på verjelause ungdomar på ei øy er så bestialsk at språket må melda pass. Mindre heroisk kan det ikkje gjerast.
Men det er også noko anna som skakar oss, noko som ligg under mykje av det som er sagt i tallause debattar utan å vera brakt heilt fram i dagen og lyset. Spørsmålet om vondskapen som fenomen. Er Breivik vond? At han har gjort noko vond, ja det står ikkje til diskusjon, men kan ein person vera vond? Og svarer me ja på det spørsmålet vil det i så fall bety at han blir demonisert? Dersom eit menneske er vondt, kan det i så fall berre gjera vonde ting, eller kan den vonde også gjera godt og den gode vondt?
To ulike grupper av sakkyndige har enda opp med ulike svar, den eine seier han er tilrekneleg, den andre at han ikkje er det. Kanskje var det best slik, det gir domstolen større handlingsom.

Farleg, ikke fagleg

Men ingen av rapportane brukar ord som vond, det er eit språk som ligg lysår utanfor psykiatrien sitt språk. I den språktradisjonen vil normative ord som vond vera framandelement. Her vil ein prøva å finna forklaringar på dei vonde handlingane i genar eller oppvekst, eventuelt i ein kombinasjon. Å snakka om vondskap vil bringa inn eit element med metafysiske overtonar og det er ikkje fagleg, men farleg.

Ein gjer ikkje ende på vondskapen ved å gi plausible forklaringar på kvifor ting blei som det blei. Heller ikkje kjem ein til rette med eit fenomen ved å gjera som det ikkje finnes. Den menneskelege erfaringa, religionen og kunsten har måtta utvikla språk for dei destruktive kreftene og handlingane menneske til alle tider har vore vitne til, men nytt språk må alltid utviklast når vondskapen blir nærgåande og trugar med å gjera oss språklause.

I Thorbjørn Egners «Folk og røvere i Kardemommeby» finnes det røvarar. Dei gjer ugagn, men litt vask, ryddig og disiplinering gjer dei til snille og venlege menneske. I «Hakkebakkeskogen» skal det berre ein avstemming til for å få reven til å slutta å eta mus og bli vegetarianar. Men vondskapen er harmlaus og aldri tema. Det vonde er avskaffa i den sosialdemokratiske staten.

Det vonde som realitet

Hos Astrid Lindgren er det annleis. Særleg kjem det til uttrykk i «Mio, min Mio» og «Brødrene Løvehjerte». Den vondskapen me møter her har kosmiske dimensjonar, det vonde let seg ikkje utrydda med grundig kroppsvask og sunt kosthald. Det vonde, den vonde og dei vonde er ein realitet det ikkje er muleg å hoppa bukk over utan å stikka realitetar under stol.

Språk for vondskap

Me treng å utvikla språk for vondskapen, det kan ikkje nytta å repetera fortida sitt språk. Like lite kan me prøva å ufarleggjera vondskapen fordi dei språktradisjonane som har erfaring med dei mørke sidene ved tilværet ofte kan synast «middelalderske». Nokon må tenkja frå grunnen av, andre må nytenkja den tradisjonen dei er del av.
Vondskapen går aldri av moten, men korleis den skal tenkjast og formulerast går av moten, eller enda verre, vondskapen som tema kan bli så ubehageleg at me ikkje maktar å utvikla språk for den.
Det tener berre vondskapen på.