Sjølvsagt er det grenser for kva ein kan læra av Derrick, men påfallande ofte blir det tydeleg at prostitusjon er fletta saman med annan type kriminalitet.
Derrick går i reprise på NRK 2, og det hender eg ser deler av ein og annan episode som fortel meg kor stor avstanden er mellom 1980-tallet og vår tid. Det gjeld på alle område. Klesdrakta og frisyren har forandre seg, mobiltelefonen finnes ikkje, heller ikkje internett med dei mulighetene det gir etterforskarar.
Når eg ser oppklaringa av mordsaker i München slår det meg kor ofte prostitusjon er blanda inn i dei. Ikkje slik at det ofte er prostituerte som blir myrda eller utfører mord, men i det kriminelle nettverket mordaren inngår er det ofte organisert prostitusjon involvert.
Blir brukt som middel i to omganger
Sjølvsagt, det er grenser for kva ein kan læra av Derrick, men påfallande ofte blir det tydeleg at prostitusjon er fletta saman med annan type kriminalitet. Prostitusjonen dreier seg om menneske som brukar andre som middel for å tena pengar. Rett forstått, den prostituerte blir brukt av andre som middel i to omgangar, først av dei som «eig og disponerer» dei, så av dei som kjøper seksuelle tenester av dei. Det siste er mindre fokusert i Derrick.
Også Immanuel Kant var tysk. Hans filosofi er ikkje ei sak for nybegynnarar, men noko er begripeleg for dei fleste av oss, han insisterer på at det ikkje er lov å behandla menneske som berre middel, ein kvar er eit mål i seg sjølv. Alle er me middel for kvarandre, det må så vera, men det er berre ein del. Å gjera menneske til utelukkande middel for eigne ønske betyr at mennesket blir redusert til objekt eller gjenstand.
Kriminalitet på alle nivå dreier seg om å bruka menneske og natur som middel for eiga vinning, den andres verd utover bruksverdien blir skriven ned til null.
Global menneskehandel
Prostitusjonen vil i ulike kulturar og til ulike tider inngå i høgst ulike kriminelle aktivitetar. I dag meir enn anar me at prostitusjonen er blitt del av ein global menneskehandel kor primært kvinner og barn blir handelsvare i ei verdsomspennande omsetning av levande menneske.
Derfor må alt arbeid for og med prostituerte ha to fokus. Sjølvsagt skal ein vera der for dei prostituerte, gjera livet deira mindre vonde, bidra til lindring og myndiggjering, men minst like viktig er det å fokusera på pengemakta som brukar og unyttar menneske som var dei ting.
Som Bymisjon er me forplikta til også å ta denne sida på alvor, avsløra og melda vidare til dei som har makt og myndighet til å ta fatt i den biten av problemet. Me må arbeida på så vel individ som systemnivå, her som på dei fleste andre område.
Til og med Derrick går det an å læra noko av