Pasientane vert taparane

Det er alvorleg at Helse Sør-Øst seier nei til vidare drift av NyBøle. Bymisjonen tapar investerte midlar, tilsette mister jobbane sine og eit fagmiljø vert bygd ned. Men det mest alvorlege er konsekvensane for pasientane.

Bymisjonen skal vere der ingen andre er. Dette er sjølvsagt for mange av oss, og eit godt motto. Er det like sjølvsagt at Bymisjonen skal vere der andre er? Ikkje alltid for våre oppdragsgjevarar, og ikkje alltid når vi er i tøffe anbodskonkurranser.

I Kirkens Bymisjon er vi med i mange konkurranser. Vi stiller mange spørsmål ved om dette er ein god måte å forvalte ressursar på, og vi arbeider politisk for å få endra systemet.

Men vi er med. Vi er med fordi vi har erfaring i rusfeltet både innanfor kommunal verksemd og spesialist. Vi har både erfaring og kunnskap og vi har gode fagmiljø. Sist, men ikkje minst, vi har vilje og evne og mot til å satse der vi meiner det er behov.

Vi ville noko

Slik var det når vi i 2007 la inn tilbod til Helse Sør-Øst på omgjering av Mørk Gård til NyBøle. Vi ville noko med å bygge opp tilbodet til pasientar med samtidig rus og psykisk liding. Vi ville noko fordi vi såg at denne pasientgruppa ikkje hadde tilbod innanfor det regionale helseforetaket. Vi satsa stort, bygde opp ein spesialtilpassa institusjon, investerte pengar og arbeidskraft, og har i løpet av dei fire åra institusjonen har vore i drift, bygd opp eit godt fagmiljø.

Stor var difor vår forundring da Helse Sør-Øst ikkje ga fornya avtale til NyBøle frå 2012. No førebur vi oss på oppseiing av kompetente fagfolk. Helse Sør-Øst har ikkje har gjort greie for kva som skal skje med dei pasientane som står på venteliste. I konkurransedokumenta var det uttrykt ein intensjon om å auke talet på plassar for denne gruppa. Det er ikkje gjort, tilbodet er redusert med ein plass.

Mest alvorleg for pasientane

Det er alvorleg at Bymisjonen tapar investerte midlar, at tilsette mister jobbane sine, at eit fagmiljø vert bygd ned. Men det mest alvorlege er konsekvensane for pasientane. Når Helse Sør-Øst seier nei til NyBøle, seier dei nei til eit godt fagleg tilbod som mange pasientar har nytt godt av, og som det står over 30 på venteliste for å ta imot.

Det er Helse Sør-Øst som skal sørge for at desse pasientane får den behandlinga dei har krav på, jussen er klar i dette. Men kva skjer når vi er usamde i måten Helse Sør-Øst gjer det på? Da må vi stå på pasientane si side og arbeide for at desse pasientane ikkje vert taparar.

Difor skal vi vere også der andre er, vi skal gå inn i anbodskonkurransar sjølv om vi risikerer å tape. Vi skal vere der som ein innsatsviljug aktør og vi skal ha mot og vere dristige i investeringane våre både med pengar og fag!