Den eine og dei mange

Korleis er det å vere den eine og bli behandla som dei mange? I Kirkens Bymisjons prosjekt «Rom for fattige tilreisende», som driv oppsøkande virksomhet i byen, snakkar eg med mange som opplever det – daglig.

Kva er verdien av direkte møter? Midt på gata, midt på dagen. Her, akkurat no.

Mange erfarar kor avgjørande møte med ein person kan vere for ein situasjon og for eit liv. Direkte møte med eit du som står i forhold til meg skapar mindre avstand, mindre frykt. Kvar person og kvart møte kan opne for ein ny retning. Nye rom. For den eine, for dei mange. Litt etter litt.

Kven er eg i møtet med den eine?

Kven er eg i møtet med den eine? Blir den andre mindre, krympar i mitt nærvær, eller er det rom? Rom for det som ligg der og det som blir til i vårt møte. Eit rom som er stort nok for begge, der bevegelse og påvirkning går begge vegar. Rom som hindrar invadering. Det handlar om ein form for nullstilling for å finne ut kva ein person ikkje er, før ein kan finne ut kva det er. Frigjort frå alt som prøver å definere og sette det i fastlåste roller og underlegne posisjonar.

Fattigdommen kjem oss ubehagelig nær. Utryggheten i møte med det ukjente skapar behov for å ”rydde”, definere og klassifisere og skape ein viss orden. Vårt samfunn er avhengig av struktur og rammer. Kva gjer ein med det som ikkje passar inn, som bryt mønster, skapar uro og uorden. Kor mykje kaos kan me takle? Korleis skape trygge rammer?

Endring er mulig

I 2000 starta Fransiskanerne sitt prosjekt blant fattige i byen Roman. Steg for steg. Barnehage, skole, gratis transport til offentlig skole, Second Chance School for dei som har droppa ut, helsesenter, dusj, mat og arbeid med holdningar og diskriminering. Oppstart av småbedrifter som gir mulighet for jobb. Dei viser at endring er mulig.

I Oslo, på gata og i ulike møter, opplever me utveksling av livserfaringar og idear. Møter mellom personar med ulik bakgrunn har resultert i prosjekt med arbeidstrening, kurs og gjensidig læring som opnar for ei anna framtid. Nye rom. Eit møte kan bety mykje i den store samanhengen. Møte med den eine med dei mange sidene. Verdien av at ein person får rom til å vise litt av sitt uendelige univers.

”Skam deg ikke fordi du er menneske, vær stolt!
Inne i deg åpner det seg hvelv bakom hvelv uendelig.
Du blir aldri ferdig, og slik skal det være.”
(Fra «Romerske buer» av Tomas Tranströmer)