Vil akuttovernattingstilbud i vinterkulda bidra til at fleire kjem for å overnatte i vår by?

I Frankfurt har behov for akuttovernatting blitt møtt på ein meir konstruktiv måte enn den benektingsstrategien me foreløpig har sett mest av i Oslo.

Kva gjer me med alle EU-borgarar som skapar kaos i gatene og tankane våre ved å ikkje passe inn rolla som rik turist eller ideell arbeidssøker? Kan vesle Oslo romme alle som ønsker husrom og som ikkje kan betale for det? Vil akuttovernattingstilbud i vinterkulda bidra til at fleire kjem for å overnatte i vår by?

Markedet rår framfor komfort

I Kirkens Bymisjons oppsøkande arbeidet på gata, «Rom for fattig tilreisende», er hovudinntrykket at det fremdeles er markedet som rår, framfor komfort. Pengane dei tener på tigging og panteflasking, evt. småjobbar, er det avgjerande. Det er pengar dei kan sende heim. Eg blir stadig overraska over kor lite opptatt våre gategjester er av egen helse og komfort. Det dei ønsker aller mest er ein plass dei kan vere trygg frå å bli jaga. Mange me møter og som ofte må overnatte ute, pendlande mellom fleire ulike gøymestader i løpet av ei natt. Mange har alvorlege helseproblem. Mange har høg alder. Me møter kvinner og menn med hjerteinfarkt, alvorlege astmaproblem, gravide m.m.

Kor går grensene mellom det å ha anstendige tilbod i forhold til grunnleggjande basisbehov – og putesying? Vil hjelp til overnatting, dusj, toalett og helse kunne bidra til at folk kan få krefter til å jobbe for eit meir verdig liv, eller virkar det passiviserande? Det som er klart for meg er at våre gategjester er overleverar. Det er ikkje mykje dei krev for å leve. Feltseng i ein sovesal er luksus.

Ein meir konstruktiv måte i Frankfurt

I Frankfurt har behov for akuttovernatting blitt møtt på ein meir konstruktiv måte enn den benektingsstrategien me foreløpig har sett mest av i Oslo. Dei som ikkje får plass på vintertilbudet som er frå 1.nov til slutten av mars (lenger om det er kaldt) får lov til å sove i t-banehallen med tilgang på toalett og med politibeskyttelse. Det å rulle ut madrassar og soveposar i t-baneundergrunnen kan virke som eit uverdig tilbod, men mange mange hakk meir verdig enn det som skjer i Oslos gater på natterstid. Og eit betre forsøk på å skape trygge rammer enn det å jage folk frå skanse til skanse.

Ikkje utan grenser og rammer

Vår hjelp og våre tilbod kan ikkje vere utan grenser og rammer. Vårt samfunn er avhengig av struktur og rammer. I all form for hjelpearbeid er målet at folk skal få mulighet til å bruke egne ressursar og ta ansvar for eget liv og bidra til eit berekraftig samfunn. Samfunnsøkonomien er tent med at folk får mulighet til å kome seg eit hakk vidare, ut av fattigdom og helsefarlige levekår. Mulighet til å bruke krefter og energi på å tilegne seg ny kunnskap, ny erfaring. I samarbeid med lokale prosjekt i Romania har Kirkens Bymisjon som mål å bidra til at tiggarar får delta på kvalifiseringskurs som kan gi mulighet for arbeid.

Eit betre system for å håndtere utfordringane som kjem av opne grenser i eit Europa i økonomisk krise, er viktig for alle partar.

Les også relaterte blogginnlegg om akuttovernatting: