Å leve med dei fattige

Kva er viktig å beskytte i vår kultur? Kan me orke å leve med fattigdommen – så nær – midt i gata på veg til jobb?

Det er ikkje så rart at 2 av 3 ønsker å forby tigging. Eit slikt forbod kan me leve godt med. Særlig når det blir begrunna med menneskehandel og tiggarindustri. Det kan virke fornuftig for folk flest, først og fremst fordi det fritar oss for ubehag og ansvar.

Men politikarane har plikt til å gjere grundigare vurderingar og sjå saken i eit større perspektiv. Ingen er ueinig i at utdanning og jobb er ein bedre framtid enn det å oppretthalde tigging som leveveg. Men første og einaste skritt på vegen dit kan ikkje vere eit forbod. Eit tiggarforbod vil bety store inntektstap for mange. Pengar som blant anna kan sikre skolegang for barn.

Ønsker ikkje å være kriminelle

Tigging hindrar utvikling. Men kva er alternativet i dag, i Romania, i Oslos gater? Før den økonomiske krisa var mange sesongarbeidarar i land som Spania, Portugal og Italia, og mange skulle gjerne fortsatt med det. Mange tigg lange dagar, pantar flaskar og sel ting dei finn i containarar, nettopp fordi dei ønsker å unngå kriminalitet. Kriminelle ler av folk som gidd å tigge når dei tener så mykje meir ved å stele. Men det handlar om verdival. Kven ein vil vere. Korleis skal politiet kunne prioritere å bruke tid på å handheve tiggarforbod framfor å bruke tid på det som virkelig gjer byen vår utrygg?

Ubehagelig å sjå fattigdom

Tigging vekker ubehag. Det skal vere ubehagelig å sjå fattigdommen så nær. Det er ubehagelig å bli minna om vårt overforbruk ved at myntane og søppelet vårt har så stor verdi at folk forlet barn, familie og heimland for å kome hit, sove ute og leve på eksistensminimum.

Kan me leve med oss sjølv når me brukar straff som einaste tiltak overfor noko(n) me ikkje likar? Kan me leve med oss sjølv utan respekt for det djupaste i oss alle, vår menneskelighet? Respekten for at menneskerettighetene skal gjelde alle. Også fattige.
Det vil ikkje bli færre fattige tilreisande i åra som kjem. Tiggarane er berre ein del av bildet. Mange kjem hit med og utan utdanning, med og utan pengar, men mange havnar etter ei tid i det harde livet på gata og blir offer eller aktør i det svarte arbeids- og boligmarkedet.

Behov for råd og veiledning

I Sverige har dei råd- og støttesenter for EU-migrantar. Målet er å blant anna å redusere konsekvensane av migrasjonen. Med riktig informasjon så tidlig som mulig, kan folk få realitetsorientert forventningane om kva det er mulig å oppnå i landet dei kjem til. Råd og veiledning kombinert med basisbehov som dusj, vask av kler, mat, kvile, overnatting, helsehjelp er viktig for å forebygge kriminalitet og ikkje gå glipp av verdifull kompetanse og arbeidskraft.

Kan me leve med dei fattige? I Oslo ønsker ein gruppe personar å starte kollektiv med nordmenn og fattige tilreisande, der alle betaler etter evne. Dei aller fleste ønsker seg først og fremst jobb, jobb og jobb. Enten her eller i heimlandet. Det å gi råd og veiledning om samfunn og arbeidsliv i Norge og gi folk reell mulighet til å søke jobb ved språkkurs og praktisk opplæring/utdanning, er ein veg å gå. Samtidig er det viktig å få til eit godt Europeisk samarbeid om dei felles utfordringane fattige EU-migrantar har.