Etter eitt år på chat-tjenesten hos Kirkens SOS er eg ikkje i tvil om verdien av den tjenesten alle frivillige landet rundt gjer kvar kvardagskveld: Den reddar liv.
Når ein loggar seg på før ei chattevakt hos krisetjenesten til Kirkens Bymisjon, Kirkens SOS, så må ein vere mentalt førebudd på krasse, klare og konkrete meldingar frå innskrivarar om alt som er vondt og vanskeleg i samfunnet, og for den enkelte.
Etter å ha jobba med nyheter på radio og TV i nesten 40 år, trudde eg at eg hadde vore borti det meste av sorg og elende, voldtekter og overgrep. Som den såkalla Alvdalsaken, forlis og andre dramatiske ulykker, krig, jordskjelv og tsunami, og 22. juli 2011. Unge innskrivarar til oss har ofte dramatiske historier som overgår det meste når det gjeld personlege lidelsar.
Eit siste skrik om hjelp
Ikkje noe er så klart og tydeleg som ei melding som poppar opp på skjermen på ei chat-vakt, om gjentatte overgrep,incest, sjølskading og sjølmordsforsøk, stadige sjølmordstankar, mobbing frå barnehage til vidaregåande, angst og depresjonar og alvorlege psykiske lidelsar, og at vedkomande står på ei bru klar til å hoppa!
Voldtekter som er veker, månader og år gamle, utan at innskrivar har snakka med noen om det, og innskrivar bebreidar seg sjøl for at det skjedde. Ofte er innskrivar klar til å ta livet sitt etter at dette har lagt som ein klump i magen i lang tid, og altså aldri snakka med noen om det, før dei tar mot til seg og skriv til Kirkens SOS, som eit siste skrik om hjelp, eller ein siste «samtale» før dei avsluttar livet.
Kordan skal eg som medarbeidar på chat hos Kirkens SOS, som verken er sjelesørgjar, psykolog eller ein Simon Flem Devold, handtere og reagere på desse dramatiske meldingane? Eg og alle mine medvakter tar innskrivar på alvor, trur på dei, støttar dei, er medmenneske og viser empati. Eg skal ikkje opptre som rådgivar, men kan på ein indirekte måte sette innskrivar på ein idé, eit spor, ein positiv tanke.
Når slike samtalar blir avslutta med at innskrivar skal snakke med mor, far, helsesøster, fastlegen eller psykologen om det som skjedde for lang tid tilbake, får eg kanskje inntrykk av at vår samtale eit stykke på veg har vore vellukka. Ein av dei få av denne typen. Men vi ser ikkje alltid slike resultat. Ei chatvakt gjer meining likevel – både for den som skriv og den som svarar.
Ein ventil
Eg er ofte imponert over at ungdom heilt ned til 12-13 årsalderen, finn fram til chatteprogrammet vårt. For all ungdom som tar kontakt, i hovedsak jenter/kvinner mellom 15 og 25 år, men også noen eldre, opplever nok vår chattetjeneste som ein «ventil» for utlufting av alt dei bærer på som er vondt og vanskeleg, så personleg dramatisk at dei går med sjølmordstankar.
Noen gongar får vi også medverke til praktisk hjelp når den som står på ei bru og skal ta livet sitt, er villig til å bli henta av ein ambulanse, og dermed reddar livet iallfall den kvelden.
Vår hovedoppgave er å vere sjølmordsførebyggande. Ei svært meiningsfull oppgave, men også til tider ganske krevande og utfordrande. Og etter godt og vel eitt år på denne tjenesten hos Kirkens SOS, er eg ikkje i tvil om verdien av den tjenesten alle frivillige landet rundt gjer på desse vaktene kvar kvardagskveld. Den reddar liv.
PS: Chat-tjenesten til Kirkens SOS er åpen gjennom hele sommeren! Bruk oss: http://bit.ly/1GvEeJk