Dei treng ein lege å gå til

Ei kvinne ringde 55 fastlegar for å få den kronisk sjuke fireåringen sin inn på ei liste – utan resultat.

Det er ikkje alle kriser som er under fjerne himmelstrøk og som er gløymde. Nokon står på dørterskelen vår, men er likevel vanskeleg å få gjort noko med.

Media har skrive om denne sidan Aftenposten starta i 2007. Helsedirektoratet kom med faglege anbefalingar i 2009. Dei frivillige- og fagorganisasjonane gav høyringsvar i 2011. Akademia har kome med rapportar og bøker. Sjølv ikkje fleire sjølvmord på asylmottak eller trippeldrap på Valdres-ekspressen verka som resulterte i at myndigheitene reflekterte rundt tematikken.

Ei gøymd krise

Me er fleire som har skrive lesarinnlegg og heldt markeringar, og i februar samla humanitære og fagorganisasjonar seg under eit opprop til helseministeren der ein oppfordra til å gje reell helsehjelp basert på medisinske vurderingar, yrkesetiske retningslinjer og menneskerettslege prinsippa. Utan respons. Det verker som at krisa skal gøymast vekk, forteiast, ikkje dokumenterast eller registrerast så ein ikkje kan skaffe seg kunnskap eller eit meir nyansert bilete. Manglande helsehjelp til papirlause er ei gøymd krise.

Frivillig helsepersonell ved Helsesenteret for papirløse migrantar som Kirkens Bymisjon og Røde Kors driv, prøver å avhjelpe situasjonen, men er og augnevitne. Augnevitne på at folk lir som følgje av at dei ikkje får tilstrekkeleg helsehjelp. Augnevitne på at helsepersonell vert grensekontrollørar og tvinga til å la økonomiske omsyn gå føre sin eigen yrkesetikk. Og augnevitne på den menneskelege kostnaden av at innskrenking på grunnleggjande helsehjelp blir brukt som eit innvandringsregulerande middel. Om det fungerer, er eg særs skeptisk til.

Åleine i elendet

Vår erfaring er at mangel på helsehjelp og eksklusjonen mange papirlause opplever, kan føre til ein langvarig negativ spiral, eit pågåande traume med gjentatte tap som kan vere vanskeleg å koma ut av på eiga hand.

Eg vart for kort tid sidan intervjua av ein NRK-journalist om manglande helsehjelp til psykisk sjuke. Papirlause som er traumatiserte av krig, valdtekt og overgrep, står åleine i elendet, utan at psykologar i spesialisthelsetenesta vil eller har rammer til å gje hjelp. Då journalisten spurde meg om kvifor sjuke skulle få helsehjelp, stussa eg. Svaret vart for sjølvsagt: Fordi dei er sjuke, og fordi dei framleis er menneske. Så enkelt burde det vera, men det er det ikkje.

Frivillig helsepersonell ved Helsesenteret ser alvorleg psykisk sjuke som ikkje får den helsehjelpa dei treng.

Eit iskaldt bilete

Ei ung kvinne fekk nyleg avslag på oppfølging av eit distriktspsykiatrisk senter etter å ha blitt akuttinnlagt på sjukehus etter sjølvmordsforsøk. Ein psykisk sjuk mann, der kone og barn har fått opphald, fekk avslag på hjelp, og han må no reise fleire timar for oppfølging av psykolog på Helsesenteret i Oslo. Ei kvinne vart nyleg kravd førehandsbetaling for abort sjølv om fylkesmannen har sagt at dette ikkje er lov. Ho hadde ikkje pengar til det. Ei annan kvinne ringde 55 fastlegar for å få det kronisk sjuke barnet sitt på fire år inn på ei liste, utan resultat. Personar som har vore på legevakt, kjem til Helsesenteret for å få livsviktige medisinar fordi dei ikkje har råd til å løyse ut resepten dei fekk.

Historiene er så mange at det dannar seg eit iskaldt bilete av eit strengt regelverk mellom dei og oss. Oss med og dei utan personnummer. Slik blir nummeret eit bevis på deira eksistens og verdi. Utan nummer, ingen verdi.

Dette handlar ikkje om opphald eller ikkje

Dette handlar ikkje om at papirløse burde få opphald eller ikkje. Der er det nok individuelle svar. Dette handlar om at det er ein menneskerett at sjuke får hjelp til å bli frisk. Med betre helse får dei og betre mogelegheit til å ta gode val.

Erfaringa på Helsesenteret er at det dei aller fleste treng, er primærhelsetenester. Dei treng ein lege å gå til. I Sverige, som gjev helsehjelp til papirlause på linje med asylsøkjarar, kosta dette berre 104 millionar svenske kroner i 2014. I ein ny rapport frå European Union Agency for Fundamental Rights legg dei fram tall på at det kan vere økonomisk sparande for eit land å gje førebyggjande og nødvendig helsehjelp – ikkje berre øyeblikkeleg helsehjelp.

Møtet med nye og uvande situasjonar fordrar refleksjon, initiativ og handlekraft. Frivillige organisasjonar og det frivillige engasjementet for flyktningar i det siste viser at folket ikkje har stivna i gamle mønster. No må styresmaktene kome etter.

Først publisert i Bergens Tidende, 12.januar 2015.

 

Bystemmer er Kirkens Bymisjons blogg, les flere innlegg her: