Nyttårsønske: Tre steg mot ein meir human asylpolitikk

Vi ser sviktande helse og unødig menneskeleg liding blant papirløse migranter i Norge. Dette er negative konsekvensar av deler av norsk asylpolitikk slik den vert ført i dag. Her er tre ønsker for ein meir human og rimeleg asylpolitikk.

Kirkens Bymisjon og Røde Kors driv Helsesenteret for papirløse migranter. Me har lenge sagt at å gje helsehjelp til personer uten oppholdstillatelse ikkje er eit asylpolitisk innlegg og det står eg ved. Helsehjelp er ein ukrenkeleg menneskerett og alle menneske skal ha tilgang til grunnleggande helsehjelp uansett kva situasjon dei er i. Det er også slik at ein stor andel av pasientane våre aldri har vore innom asylsystemet i Norge. Det kan vere personar utsatt for menneskehandel, personar med utgått visum eller Europearar som har vore her for lenge uten registrering. Likevel ligg temaet om korleis norske myndigheter skal forholde seg til personar uten oppholdstillatelse tett opp til asylpolitikken og Helsesenteret ser negative helsekonsekvensar av deler av den asylpolitikken som vert ført i dag. Uten å fordele skuld for dei situasjonar som oppstår, er det element som eg tenker norske myndigheter ikkje kan unngå å forholde seg til.

Barn som har budd her lenge

Før det første gjeld dette lengeverande barn uten oppholdstillatelse. Helsesenteret ser fremdeles barn som har vore i Norge opp til åtte år leve i ein uavklart situasjon enten i skjul eller på asylmottak. Dette er skadeleg for barna. I tillegg til å vekse opp i eit miljø prega av fattigdom og usikkerhet vert barna påverka av den belastningen omsorgspersonane føler og mangelen på helsehjelp foreldra har i det norske samfunnet. Me har fleire gonger vore i kontakt med barnevern og barne og ungdomspsykiatriske avdelinger, men me kan sammen kun avhjelpe situasjonen. Barnas behov for stabilitet og trygghet må tilleggast større vekt enn prestisjekampen mot foreldra som ikkje vil returnere.

Høg risiko for sjølvmord blant unge

For det andre gjeld dette midlertidig opphold til barn. Helsesenteret ser mindreårige gutar og jenter som har hatt opphold fram til atten år. I tillegg til å vere prega av den usikre tida fram til det midlertidige oppholdet tok slutt er dei i krise og åleine uten voksne å støtte seg på. Me ser fleire med høg risiko for sjølvmord. Enkelte har og historie med overgrep bak seg eller ein drapstrussel frå nære slektningar over seg. Overlatt til seg sjølv endar i tillegg nokon gutar og jenter i prostitusjon, i kriminalitet og destruktive tvangsforhold i Norge. Norske myndigheter må ta inn over seg konsekvensane av å bruke ungdom som middel i eit asylpolitisk spel.

Splitting av familiar

For det tredje gjeld dette splitting av familiar. Helsesenteret ser fedre, mødre og søner der deler av familien har fått opphold og der det står ein igjen som ikkje får det eller som er fratatt det. Kanskje dei har forklart seg uriktig eller gjort ukloke valg og blitt bortvist eller utvist. Det gjeld også der den eine forelderen blir bedt om å reise tilbake til heimland for å søke familiegjenforening derifrå. Me ser at dette preger både pasienten vår si psykiske helse, men også relasjonene i familien. Det settes spørsmålteikn om kvifor ikkje barnas behov og ønske for kontakt med begge foreldra ikkje blir vektlagt i større grad. Det må legges større vekt på familien som ei eining og evt. straff sona i Norge.

Unødig menneskeleg liding

Norske myndigheter kan ikkje kun skulde på personlige valg av foreldre eller unge voksne. Ein må og sjå på urimeldige utslag av dei innstrammingane som er gjort. Det er urimeleg at ein attenåring skal reise halve jorda vekk frå foreldre og småsøsken. Det er urimeleg at mor eller far skal leve adskilt frå småborna sine i fleire år. Og det er urimeleg at ungdom skal leve med fleire år i usikkerhet i ei tid der identitet og sjølvkjensle vert forma. Me ser denne politikken fører med seg unødig menneskeleg liding, negative helsekonsekvensar og er ei stor belastning for både den enkelte person uten oppholdstillatelse, men og for nær familie som har opphold og skal integrerast i landet. Slik belaster politikken i tillegg hjelpeapparatet i Norge som må kompensere for tapte foreldre eller avlaste årelange uavklarte situasjonar eller konsekvensane av slike år ved seinare oppholdstillatelse. No i jula har mange fått ønskene sine oppfylt. Og mange av oss har fått vere med familiene våre. Så bed eg om at me kunne ta desse tre stega mot ein meir human og rimeleg asylpolitikk.

Frode Eick er daglig leiar for Helsesenter for papirløse migranter i Oslo, drevet av Kirkens Bymisjon og Røde Kors