Ung i jobb er eit lågterksel, tilrettelagt aktivitets- og arbeidstreningstilbod med fokus på meistring.

Prosjektet er retta mot personar mellom 18 og 29 år som av ulike grunnar ikkje er under utdanning eller i jobb. Målet er å tilby deltakarane meiningsfulle aktivitetar og å gje dei ein introduksjon til arbeidslivet. Me ynskjer å formidle at endring er mogleg og å støtte deltakarane i denne prosessen. I Ung i jobb nyttar me naturen som arena for arbeid med livmeistring, meistringstru og tilhøyrigheit.

Arbeidstrening

Innhaldet i arbeidstreninga vil variere og tilpassast deltakarane. Arbeidsoppgåver kan vera tilknytt Skattkammeret, Verkstaden eller oppdrag frå det kommunale eller private. Det er òg to kjøkken og ei syavdeling i lokalet.

Friluftsliv

Dei tilsette i Ung i jobb har, i tillegg utdanning og erfaring i helse og pedagogikk, teke Trygg av natur-kurs og nyttar denne pedagogikken aktivt der hensikta er at deltakarane skal oppleve handlingsrom, medbestemming, tillit og å høyra til. Med tilgang på Skattkammeret har me og mykje spennande utstyr som me kan nytta.