Kirkens Bymisjon på Voss startar no Verkstaden. Dette skal vera ein aktivitets og produksjonsverkstad for våre deltakarar. Ein plass der ein kan arbeida skulder mot skulder og få arbeidstrening.
Verkstaden med sine mangfoldig muligheter gjer at kirkens bymisjon Voss kan tilby noko for ein kvar.
Verkstaden vil ta imot oppdrag frå private og andre, med mellom anna service på syklar, ski, snikkar og lærarbeid, sy / vøla utstyr m.m. Lurar du på om det du har kan fiksast? Kom innom for ein prat – så kan me ta ein kikk.